Forza Norway

27Sep/0914

Resultat, rundetid konkurranse

Responsen på den første konkurransen vår var utruleg bra, og det har vært morosamt å sjå korleis topplistene har forandra seg heile helga. Resultata for konkurransen ser forøvrig slik ut:

KONKURRANSE, Forza Motorsport 3 demo #1

BANE: Camino Viejo
BIL(ER): Audi R8 5.2
RESULTAT:

#1: LoneGoat667 01.04.398
#2: Saddlefall 01.04.929
#3: Kjevle* 01.05.058
#4: ClausNilsen 01.05.288
#5: DaggySJK* 01.05.698
*ABS


KONKURRANSE, Forza Motorsport 3 demo #2

BANE: Camino Viejo
BIL(ER): Porsche 911 GT3

RESULTAT:

#1: LoneGoat667 00.59.440
#2: TS I AndreKK 00.59.641
#3: Saddlefall 00.59.692
#4: ClausNilsen 01.00.075
#5: Forzaa 01.00.260

Me her i Forza Norway vil takka alle som var med, og sende ein stor gratulasjon til vinnarane. Ettersom me framleis er i etableringsfasa er ikkje premien stort anna enn å få gamertag'en din på trykk på, vel, Noregs aller største Forza Motorsport fan-blogg! Men det i seg sjølv er jo temmeleg fjongt! Etter at me er komen ordentleg i gang, og fullversjon av FM3 er ute, vil det bli flotte premiar i form av bilar, liveries, paintjobs, styling etc etc!

Takk for at du ville væra med, og følg med. Ny konkurranse blir annonsert Tysdag 29. september! Skriv inn dine tips i kommentarfeltet!

Filed under: Baner, Biler, FM3, demo 14 Comments
24Sep/0942

Rundetid konkurranse!

OPPDATERING: Online leaderboards er no klart, og dette vil me sjølvsagt benytte oss av. Difor, for å kunne væra med legg til "Gaz West" på Xbox Live. På denne måten filtrerar me berre leaderboards etter friends og me vil ha vinnaren vår på Søndag den 27. September kl 20.00. Hugs at jo mindre assists du har på, jo lenger opp på rankinglista når du.
NB!
Skriv inn gamertag'en din i kommentarfeltet her slik at me her i Forza Norway veit du er med - og ikkje annonserar ein anna random ludo i vennelista som vinnar! LYKKE TIL!

KONKURRANSE, Forza Motorsport 3 demo #1

BANE: Camino Viejo
BIL(ER): Audi R8 5.2
TILLEGGSINFO: n/a


KONKURRANSE, Forza Motorsport 3 demo #2

BANE: Camino Viejo
BIL(ER): Porsche 911 GT3
TILLEGGSINFO: n/a


Begge konkurransane går til Søndag 27. september 2009 kl 20.00 - og vinnarane blir då annonsert.

Filed under: FM3, demo 42 Comments
24Sep/094

Demoen er ute på Xbox Live marketplace!

Demoen er no i full gang med å bli rulla ut på Xbox Live marketplace. Du finn den endo ikkje på den Norske marknadsplassen, men viss du juksar litt - og lurar deg inn på den Nederlandske utgåva av xbox.com - så kan du allereie no legge Forza Motorsport 3 demoen i kø på din XBOX 360. Merk deg at demoen kun er tilgjengeleg dersom du har gullmedlemskap.

Demoen vog inn på omlag 1,25GB, og inkluderar Camino Viejo bana samt 5 flotte bilar.

• 2007 Porsche #80 Flying Lizard 911 GT3-RSR
• 2010 Audi R8 5.2 FSI quattro
• 2009 Ferrari California
• 2008 Mitsubishi Lancer Evolution X GSR
• 2009 Mini John Cooper Works

Trykk her for å komme til den Nederlandske marknadsplassen, og for å få lagt FM3 i nedlastingskø. Inne på den nederlandske xbox.com trykker du på knappen "Downloaded naar Xbox 360" - og du blir då bedt om å logge inn. Logg inn med Live kontoen din, vòila.

xbl
(klikk for større bilete)

Første offisielle Forza Norway konkurranse blir annonsert ikveld - så følg med! Hugs at me har rss feed tilgjengeleg for dei som ønskjer å benytte seg av det!

Filed under: Baner, Biler, FM3, demo 4 Comments
   

Sider

Kategorier

Linker

Avstemming

Er det ønske om å få opp eit Forza Norway forum?

View Results

Loading ... Loading ...

Administrasjon