Fujimi Kaido, Amalfi Coast og ein Porsche
Det er komen to nye videoar frå The Real Real Driving Simulator™. Me får igjen sjå ein snutt ifrå den flotte nye bana Amalfi Coast. Og sjølv om videoen er 'off screen' skiner det igjennom kor utruleg longt Turn10 Studios har komen sidan releasen av Forza Motorsport 2. Det er ein ny motor, og dei har vist at XBOX 360 framleis har krefter igjen og klarar skvise ut utruleg flott grafikk, og i 60 bileter i sekundet.
På akkurat same måte som mat smakar betre i mørket, når synssansen blir dempa - så får me i desse videoane konsentrert oss maksimalt om kor utruleg vakkert spelet er visuelt. Det eg prøver å sei er at videoane er utan lyd. Enjoy.
Refleksjonar og lys lekar seg på dei flotte bilane og omgjevnadene har i denne omgong fått ei alvorleg overhaling - noko som er klårt og tydeleg i Amalfi Coast. I FM2 var føltes omgjevnadene lite naturlege og var utruleg keisame. Endeleg har Turn10 gjort noko med dette. Og i FM3 er det jo nestan som om ein må cruise igjennom bana berre for å sjå seg om.
Ein anna god nyhet er at Fujimi Kaido er tilbake. For dei som hugsar tilbake til 2005, når Forza Motorsport (1) kom ut, så var dette eit point-to-point race i fjellheimen i Japan. Ei utruleg morosam bane, som eg kjente eg sakna stort når eg spelte igjennom FM2.
Legg igjen dine tankar i kommentarfeltet, og hugs å sjekk Forza Norway igjen dei neste dagane. Moroa byrjar no når demoen kjem ut!
458 Italia
Gamespot fleskar til med ein ny trailer ifrå FM3. I denne videoen er det Ferrari som står i fokus, sjå sjølv!
Forza Motorsport 3 demo i Paris
Microsoft hadde ein pressekonferanse i Paris på fredag, og Gamersyde fekk skutt desse videoane:
60fps video frå Camino Viejo de Montserrat.
Gamersyde.com laga denne videoen ifrå ein FM3 demo i Paris på showet "le festival du jeu vidéo".
Sjå original video her: http://www.gamersyde.com/news_forza_3_exclusive_video_and_images-8528_en.html